Glide - Månedens montéhest for januar
Glide er ein dyktig montéhest. Då han hadde brukt opp dei fem fortrinna, tok han vare på sjansane vidare. Dei seks siste montéstartane har resultert i seks strake montésigrar, og no står han med stolpe i raden.
8 årig vallak
e. Starchip Entrprise (US) u. Carina Supreme (DE) e. Cordoba Lobell (US)
Montékarriere pr. 22.02.11: 11 starter: 6 - 2 - 0 - 1
Grunnlag: 241.500 kr
Rekordar: (8)17,4M - (4)16,5aK
Montérekordar: (8)17,4M - (7) 16,8aM
Eigar: Ove Bakkevold Reima
Oppdretter: Roger Gjengår
Rytter: Kristine Kvasnes
Glide vann kåringa for januar med heile 74 % av stemmene. Grunngjevinga frå juryen var: Glide har vist seg som en strålende montéhest. I januar ble det to overlegne seirer. Begge på hans nye hjemmebane, Forus.
Innridd: 36 000 kroner.
Oppdatert 17.04.2011:
I mars ble Glide på nytt kåret til månedens montéhest med 58% av stemmene etter følgende kommentar fra juryen: Glide fortsetter å gjøre det bra i monté. Sist måned ble det suveren seier i Bergen 31. mars, samt en annenplass på Sørlandet 13. mars. Innridd: 18 000 kroner.
Les meir om kåringane her:
Stem på månadens montéhest for januar - Sjå graf over avstemmingsresultata
Stem på månedens montéhest for Mars 2010 - Se graf over avstemningsresultatene
Glide starta sin travkarriere som treåring, men han hadde ikkje dei store resultata på seks startar. Som fireåring starta han 21 gongar, sjølv om han ikkje vann løp enda han fem gongar på trippelen i tillegg til ti premiar. Året etter var prega av mykje galopp, men her kom den fyrste sigeren hans. I 2009 gjekk det betre. På ti forsøk vart det tre sigrar, ein andre, ein tredje og ein plassering.
Montékarriereren til Glide tok til i 2010.
- Kona til Undem spurde om eg kunne prøva han i monté, fordi han var så hissig å køyra. Eg prøvde han etter ei kjøring, og det gjekk bra. Så då vart han meldt i prøveløp, seier Kristine Kvasnes, som godkjente valakken på 1.18,1.
Montédebuten vart avlagt 1. juli, og det resulterte i ein fin 2.plass på 1.16,8aM bak Pascal. Det andre løpet resulterte i fjerdeplass, medan dei to løpa etter der enda i galopp.
- Han var favoritt i det første løpet, og fekk fine plasseringar i dei to første løpa. Etter det byrja han å verta dum og galoppera bak startbilen, fortel Kvasnes.
Så tok det seg opp. Fyrst ein andreplass der han var spurta ned av Dreamcatcher. Dei siste seks løpa til Starchip Entrprise-sonen har enda med komfortable sigrar. I alle løpa har Kristine Kvasnes ridd. Då ho valde å leggja sin stallansattkarriere på hylla, kjøpte ho Glide saman med sambuaren sin Ove Bakkevold Reime og tok han med seg til vestlandet. Fire løp har valakken starta på vestlandet, og alle har enda i siger.
- Det var heile tida snakk om at eg skulle leiga han. Då eg skulle flytta la eg inn eit bud, og eg fekk lov å kjøpa han. Eg ville ha ein hest som er brukande å ri på, og han er ein veldig snill hest med mykje personlighet. seier Kvasnes.
Planen vidare er at Glide skal starta i eit montéløp på Sørlandet 13. mars.
- Me satsar på montéløpa, sidan det er der han yt best. Eg trur han synest det er kjekt å bli ridd og han frir seg betre under sal enn med vogn, seier Kvasnes.

