Kings Centaurus - månedens montéhest februar og mai 2010
Skrevet av Charlotte Steine søn, 11/04/2010 - 11:10
Kings Centaurus har vore ein hit i montéløpa i år. Han måtte gå to prøveløp for å bli godkjent, men etter det har vallaken gjort alt riktig. På seks startar har han ikkje mindre enn fem sigrar. To av dei kom i februar på like mange forsøk, og det var nok til å få tittelen for månedens montéhest, 1 % foran Rousseau Detain.
6 års vallak
e. Goetmals Wood (FR) u. Crysta's Power (DE) e. Crysta's Best
Montékarriere pr. 10.04.10: 6 - 5 - 0 - 0 - 1
Grunnlag: 306.272 kr.
Rekorder: (6) 17,0L - (4) 14,8aM
Montérekorder: (6) 17,3K – (6) 15,9aM
e. Goetmals Wood (FR) u. Crysta's Power (DE) e. Crysta's Best
Montékarriere pr. 10.04.10: 6 - 5 - 0 - 0 - 1
Grunnlag: 306.272 kr.
Rekorder: (6) 17,0L - (4) 14,8aM
Montérekorder: (6) 17,3K – (6) 15,9aM
Kings Centaurus vann kåringa i februar med 38 % av stemmene. Juryen hadde følgjande å seia om nominasjonen: Kings Centaurus viste i februar at han kan bli en slager i monté. Han vant enkelt på Sørlandet 7/2 og imponerte stort da han knuste konkurrentene på Bjerke 17/2. Innridd: 28 000 kroner.
Pangstart
Kings Centaurus gjekk montéprøveløp 10.01.10, men kom i mål på tida 1.29,0 med galopp og det var dermed ikkje godkjent. Ei veke etter fekk han Kari Anne Knutsen på ryggen og han vart godkjent på 1.20,6 med galopp, men der slutta galopphistoria og suksessen starta. 26. januar i år debuterte den 6 år gamle valakken i monté på Forus Travbane. Det enda med grei siger på 18,2 med sin trenar Kari Anne Knutsen på ryggen.
- Kings Centaurus er veldig, veldig sterk og toler å gjera grovarbeidet sjølv. Han er veldig snill, men spesiell og er redd for munnen sin. Verken i løp eller i trening toler han å bli tatt hardt i munnen, så han må gå med svampebitt, fortel trenar Kari Anne Knutsen.
OGP-aktuell
Det vart vidare to startar i februar, ein på Sørlandet og ein på Bjerke, som begge enda med gode sigrar. Den fjerde strake sigeren kom på Jarlsberg i mars. Det fyrste tapet kom på Forus Travbane 30. mars, då fekk ekvipasjen ein fjerdeplass, men dei var attende på toppen i sin siste start 9. april. Då gjekk valakken 15,9 over 2100 meter med autostart. Så langt i år har Goetmals Wood-sonen tjent 67.000 montékroner, og meir vert det nok, saman med sin faste makker Kari Anne Knutsen. I tillegg startar han travløp og gjer det godt der og.
- Han vert trent annan kvar dag og kun rolig, men i bratt terreng. Treningsturane er ca. ein time kvar gong. Neste oppgåve for han vert eit V75-løp i Bergen. Når han skal starta neste montéløp er eg usikker på, men eg håper han er med i dei store montéløpa i år. Så lenge han er så flink med vogn, er det opp til eigaren kva som skjer. Eg har veldig lyst å prøva han under Oslo Grand Prix-helga, seier Kari Anne.

